1945 (romartal MCMXLV) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar mini|Den andre verdskrigen la eit øydelagd Tyskland bak seg. Bilete frå Heilbronn, ein av dei verst råka byane.

Den andre verdskrigen slutta i mai i Europa og i september i Asia.

Utlandet 5. januar: Sovjetunionen godkjende det nye sovjetvenlege styret i Polen. 13. januar: Raoul Wallenberg vart arrestert av sovjetiske styrkar i Budapest. 17. januar: Sovjetiske styrkar okkuperte Warszawa. 30. januar: «Wilhelm Gustloff», eit tysk skip med 10 000 flyktningar frå Gdynia, vart senka av den sovjetiske ubåten S-13. 9 300 døydde. 2. februar: Jaltakonferansen. 13. februar: Dresden søraust i Tyskland vart utsett for brannbombing av allierte bombefly. Om lag 35 000 døydde under bombinga av Dresden. 19. februar: 35 000 amerikanske soldatar gjekk i land på Iwo Jima. 23. februar: Den filippinske hovudstaden Manila vart teken av amerikanske styrkar. 6. mars: Kommunistisk regjering installert i Romania. 7. mars: Brua over Rhinen ved Remagen vart teken av amerikanske styrkar. 8. mars: Josip Broz Tito skipa regjering i Jugoslavia. 30. mars: Sovjetunionen invaderte Austerrike og tok Wien. 12. april: Franklin D. Roosevelt, USA sin president, døydde. Etterfylgjaren var visepresidenten Harry S. Truman. 25. april: Amerikanske og sovjetiske troppar møttest i byen Torgau. Tyskland vart skore i to delar. 25. april: Berlin vart innringa av sovjetiske styrkar. 2. mai: Sovjetiske styrkar proklamerte at dei hadde teke Berlin. 3. mai: Wernher von Braun og 120 av medarbeidarane hans gav seg over til amerikanske styrkar. 7. mai: Alfred Jodl, den tysk generalstabsjefen, underteikna kapitulasjon utan vilkår. 8. mai: Krigen i Europa tok slutt. 9. mai: Amerikanske styrkar arresterte Hermann Göring. 26. juni: Vedtektene til dei sameinte nasjonane vart underteikna. 1. juli: Tyskland delt mellom dei fire okkupasjonsmaktene. 16. juli: Fyrste atombombeprøve. mini|1945 såg både første sprenging av atomvåpen og første bruk av dei i krig. Biletet er frå få sekund etter Trinityprøven. 17. juli: Potsdamkonferansen tok til. 26. juli: Winston Churchill gjekk av som statsminister i Storbritannia. Arbeidarpartiet (Labour) sigra i valet. Etterfylgjar vart Clement Attlee. 31. juli: Samlingsregjeringa som hadde styrt Sverige under den andre verdskrigen gjekk av. Per Albin Hansson skipa ei sosialdemokratisk regjering. 6. august: Hiroshima vart treft av den fyrste atombomba nytta i krig. 60 000 døydde med det same. 8. august: Nagasaki vart treft av den andre atombomba nytta i krig. 60-80 000 innbyggjarar døydde og om lag 20 000 vart skada. 15. august: Japan kapitulerte. 17. august: Indonesiske nasjonalistar erklærte sjølvstende frå Nederland. Achmad Sukarno vart president. 2. september: Japan sin offisielle kapitulasjon om bord på USS Missouri. General Douglas MacArthur og admiral Chester Nimitz representerte USA medan utanriksminister Mamoru Shigemitsu og Yoshihiro Umetsu representerte Japan. 8. september: Amerikanske styrkar okkuperte den sørlege delen av Korea, medan Sovjet okkuperte i nord. Koreakrigen hadde bakgrunn i desse okkupasjonane. 17. oktober: Oberst Juan Perón gjorde statskupp og vart president i Argentina. 13. november: Charles de Gaulle vart vald til president i Frankrike. 20. november: Nürnbergprosessen vart innleia.

Noreg 8. februar: Statspolitisjef Karl A. Marthinsen vart skoten av norske motstandsfolk. 9. februar: Den svarte fredagen, stort luftslag i Sogn og Fjordane fylke. 8. mai: Dei tyske styrkane i Noreg la ned våpna. 8. mai 1945 har sidan vorte feira som frigjeringsdagen. 9. mai: Vidkun Quisling vart arrestert. 6. juni: Kong Håkon VII kom attende til Oslo. 23. juni: Den norske dagsavisa Verdens Gang kom ut med sitt fyrste nummer. 25. juni: Kong Haakon VII utnemnde Samlingsregjeringa, Einar Gerhardsen si fyrste regjering. 30. juni: Johan Nygaardsvold si regjering kom til Noreg frå London. 8. oktober: Stortingsvalet 1945. Arbeidarpartiet fekk reint fleirtal på Stortinget. 1. november: Utnemninga av Einar Gerhardsen si andre regjering.

Fødde

mini|Aung San Suu Kyi i 2011 mini|Neil Young i Oslo i 2009 10. januar: Rod Stewart, britisk songar 20. januar: Bjørn Tore Godal, norsk politikar 28. januar: Hallgrim Berg, norsk politiker 6. februar: Bob Marley, jamaicansk musikar 11. mars: Sylfest Lomheim, norsk sråkforskar 30. mars: Eric Clapton, britisk musikar 14. april: Ritchie Blackmore, britisk musikar 26. april: Paal-Helge Haugen, norsk forfattar 29. april: Anne Marie Ottersen, norsk skodespelar 8. mai: Keith Jarrett, USA-amerikansk jazzpianist 12. mai: Tormod Haugen, norsk forfattar 19. mai: Pete Townshend, britisk musikar 28. mai: John Fogerty, USA-amerikansk musikar 31. mai: Laurent Gbagbo, ivoriansk president 7. juni: Wolfgang Schüssel, austerriksk kansler 19. juni: Aung San Suu Kyi, burmesisk politikar og nobelprisvinnar 11. september: Franz Beckenbauer, tysk fotballspelar 15. september: Ranveig Frøiland, norsk politikar 23. oktober: Jon Lilletun, norsk politikar 27. oktober: Arild Andersen, norsk jazzbassist Luiz Inácio Lula da Silva, brasiliansk president 3. november: Gerd Müller, tysk fotballspelar 6. november: Odd Iversen, norsk fotballspelar Knut Ødegård, norsk forfattar 11. november: Daniel Ortega, nicaraguansk president 12. november: Neil Young, kanadisk låtskrivar og musikar 18. november: Mahinda Rajapaksa, srilankisk president

Døde

2. februar: Carl Goerdeler, tysk politikar, avretta. 12. mars: Anne Frank, jødisk dagbokforfattar. Døydde av tyfus i konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen. 26. mars: David Lloyd George, britisk statsminister 1916-1922. 31. mars: Torgny Segerstedt, svensk religionshistorikar. 12. april: Franklin D. Roosevelt, amerikansk president 1932-45. 28. april: Benito Mussolini, italiensk statsleiar 1922-43, avretta. 30. april: Adolf Hitler, tysk diktator og rikskanslar, tok livet av seg i bunkeren i Berlin 1. mai: Joseph Goebbels, tysk propagandaminister. Han tok livet av seg. 8. mai: Josef Terboven, tysk rikskommisær i Noreg. Han tok livet av seg. 11. mai: Jonas Lie, norsk nazist og politiminister 23. mai: Heinrich Himmler tok livet av seg i britisk fangenskap. Himmler var leiar for SS. 31. mai: Leonid Pasternak, russisk målar 17. juni: Ole Kolsrud, norsk historikar 19. juli: Otto von Schrader, tysk sjømilitær, tok livet av seg. Schrader var kommanderande admiral for den norske vestkysten. 9. september: Zinaida Gippius, russisk dansar 15. september: Anton Webern, austerriksk toneskapar 26. september: Béla Bartók, ungarsk toneskapar 15. oktober: Pierre Laval, fransk politikar (avretta). 24. oktober: Vidkun Quisling, avretta på Akershus festning i Oslo. 20. desember: George S. Patton, USA-amerikansk hærførar (omkom).