Dismal Ridge er ein forgreina fjellkam som går nord og aust for skardet mellom Mount Kempe og Mount Huggins. Han grensar i nord og vest til Radianbreen og Glimpsebreen, og i sør til Kempebreen. Dei to greinene går på kvar side av Gleebreen og heller ned mot Roaring Valley. Ryggen fekk dette namnet av Victoria University of Wellington Antarctic Expedition, 1960–61, fordi det heile tida var mørkt og grått vêr (dismal på engelsk) då dei kartla området her i januar 1961, og dei fekk vanskar med å opprette ein høgtliggande forsyningsleir på ryggen med helikopter, igjen på grunn av vêret.
Kjelder